Main menu:

Om Odd Dubland

Odd Dubland
Han er født i 1938 på garden Dubland i Varhaug på Jæren. Like frå barndom har han vore oppteken av kunst. men er fullstendig autodidakt på området. Alt har vore sjølvstudium. Litt hjelp har han fått av grafikaren og kunstmalaren Jørgen Dukan. Odd Dubland er opptatt med havet, strendene, men også berg og knausar. Han har i ein mannsalder vore forkynnar eller lekpreikar i Norsk Luthersk Misjonssamband. Han har sagt det slik at dersom du tek kunsten frå meg, tek du veldig mykje. Dersom du tek evangeliet frå meg, tek du ikkje mykje, då tek du nemleg alt. Emailadressa er odddubland@gmail.com

Her bur me.
Trykk på biletet.
her-bur-eg.jpg
odd3.jpg

Dikt om det å vera kunstnar

Tenk kor gildt å kunstnar være.
Få seg eit namn å vinna æra.
Det vil mange prøva seg på,
men evnene kan vera så som så.
Når dei ikkje maktar å skapa det dei vil,-
skapar dei seg sjølve til.
Dei går omkring med rare briller,-
pyntar seg med dumme griller.
Det gjeld å ha dei rette venner,-
som i det høge råd bestemmer
kva som er kunst og som inkje er.
Langt over hovudet til Kari og Per.
Og har dei litt lite til maten
så hjelper eit stipend i frå staten.

Men, vil du ein skapande kunstnar vera,-
så hugs at det kan du aldri læra.
Det må frå ditt hjarta koma-
Du kan ikkje leiga eller låna.
Du må inn i ein skule stiga-
der ingen vil gå og ingen seg likar.
Det er angsten i natta myrke-
det er redsla for å missa sin styrke-
det er på sitt vemod kjenna-
det er å grua for alt som kan henda.
det er tapet av far og mor-
det er barnet du miste i fjor-
det er ho som du ikkje fekk-
ho, som til ein annan gjekk-
det er han du kan få-
men som du alltid tenkjer på.
Det er otten for den løynde brest
som eg i angsten ottast mest.
Det som ingen kan sjå-
det ligg ikkje utanpå.
Det er voner utan vengjer.
Det er brostne sjelestrenger
Det er å aldri bli forstått-
det er gråten bak kvar ein lått.
Hjarta må i sorga prøvast.
Gullet må i varmen glødast.
I denne loge må du hivast-
skal kunstnaren i deg skirast.

1996 Odd Dublandskulevegen.jpg

Dagens lyspunkt var teikning i siste skuletime.
Her på veg til Auestad skule på Varhaug. -Femti år etter at han gjekk ut av folkeskulen hadde han kunstutstilling her. Då fekk han hemna seg på alle dei sure reknetimane som han bar eit gjensidigt hat til.
Maleriet er frå 2002. 20×35.Olje.

Trykk på bildet.

2017Odd Dubland