Main menu:

Maleteknikker etc.

Fyrst litt om kopiering av maleria.
Eg har sett ein del kopiering av maleria du finn under galleri. Eg gjer merksam på at dette står einkvar fritt til å gjera. Men er det maleri som blir utstillt for salg så bør kunstnaren skriva i det minste på baksida maleriet at dette er ein kopi av maleri av Odd Dubland.

Nokre råd som eg har brukt i undervisning.
Eg brukar helst oljefargar sjølv om acryl også har sine sterke sider. Her er dei fargane som eg brukar mest:
Titankvitt,
Kadmium rød (mørk),
Kadmium gul,
Ultra marin blå,
Pariser(preusserblå),
Lys oker,
Brent sienna,
Brent umbra,
Paynes grå,
Crimson (krapplakk).
(Alt i kunstnarkvalitet)
Som malemiddel har eg brukt litt ymse,- frå Liquin, Mir malemiddel, Black Oil (giftig), Roberson glace medium til meir heimelaga blanding. Hugs at alt dette inneheld ofte løysemiddel og det trengst utluftning av og til.
Den beste penselen.
kan vera ei turkefille. Gamle godt “utsovne” flanellaken er det beste. Når det gjeld pensler ellers er jo det ei smaksak. Men desverre har eg sett mykje dårleg penselmateriell. Det nyttar ikkje med halvstive, delvis innturka og kortbusta pensler. Eg tilrår å bruka kinesiske svinebustpenslar som ein kan kjøpa i billegvarebutikkar. Dersom ein skal mala tynne strek,- for eks. til rigg og rær på ein båt, bør ein ha ein tynn rosemalingspensel. Ved fyrste gongs bruk av ein pensel skal han dyppast i vatn fyrst. Vatnet trekkjer opp i busten like til skaftet og lagar ein barriere mot olje eller malemiddel, slik at det ikkje trengjer inn der. Dersom ein ikkje gjer det, vil malemiddelet virka til at penselen sprikjer når det turkar. Penslane kan reinsast i sterkt grønsåpevatn som ein har ein plastboks med litt netting i botn. Skyll veldig godt slik at all såpe forsvinn.
Lerrete/plater.
Eg brukar høgkvalitet linlerret på alt som skal spennast opp på blindrammer. Dersom eg brukar malerplater, lagar eg dei sjølv og limer lerrete på huntonit. Eg preparerar dei på min eigen måte etterpå. Dette gjeld maleri i mindre format.
Belysning i atelieret:
Det er viktig med godt og rett belysning over staffeliet. Her brukar eg to 120cm lysstoffrøyr. Det er Phillips 965 og Osram Cool White. Desse to saman gir tilnærma dagslys. Alle maleri som du finn under Galleri er fotograferte digitalt på staffeliet.
Motiver og inspirasjon.
Eg fotograferer mykje i naturen, men kopierer aldri eit foto. Eg ser litt på det og legg på den hard-disken som eg har på toppen.
Inspirasjonen kan koma når eg ser ein detalj i naturen eller når eg ser verk av andre kunstnarar. (Eg kopierer aldri andre sine maleri, men eg “stel” alt eg kjem over av tiltalande idear og motiv).
Eg får trøysta meg med at eg ser at nokre driv på og “stel” frå meg og.
Eg prøver å vera sjefen
Det er verken publikum eller motivet som skal styra. Eg må sjølvsagt høyra på gode råd og fylgja dei, men det eg sjølv som til slutt må stå for det som eg har gjort. Dersom ein har malplassert ein telefonstolpe midt i maleriet, så må ein ikkje sei: “Jamen,han var jo på fotoet eg såg etter.” Då er det fotoet som er sjefen. Då blir alt feil. Dessutan bør ein berre mala det ein har hug å mala. Blir det mislukka lærer ein av det og. Det er ingen god dag dersom ein ikkje lærer noko.
Paletten. Det er viktig å ha ein god og stor palett. Nokre brukar slike dei held i handa, men eg har den liggjande framfor meg eller ved sida. Eg brukar ei plate med bakepapir på.
(Vanleg matpapir er ubrukeleg). På bakepapiret er det ei lag med voks som gjer at oljen ikkje trekkjer inn i papiret og turkar ut malinga. Ein del av studentane er har hatt på kurs brukar eingongstallerkar i papp. Eg tilrår ikkje det. Dei blir for små og har ein tendens til å leva sitt eige liv i vandring rundt på bordet. Plutseleg fell dei i golvet med smørsida ned!
Staffeli.
Det er ikkje alle som er så heldige at dei kan eige rom til kunsten sin. Mange må difor rigga opp utstyret kvar gong. Eit problem er staffeliet. Nokre likar bordstaffeli, andre eit frittståande. Det er i alle fall viktig at staffeli/lerrete står støtt. Bruk eit par dropar frå ein varmlimpistol til å festa lerretet/staffeliet med.
Fokus må vera på motivet og ikkje på meir og mindre lause deler som lever sitt eige liv. Prøv å unngå reflekslys frå vindu og lamper i maleriet. Ikkje set deg inn i ein krok med staffeliet framfor deg. Set heller staffeliet i kroken og du sit eller står framfor. Då har du retrettmulighet for å sjå korleis ting arbeidar.
Stilartar.
Kunstverda idag er mangfaldig. Ein kan få ei kjensle av at alle “ismer” er brukt opp. Det heile er som ei evig jakt etter utrykksformer. Nå må ein kvar finna ut kva ein vil sjølve. Sjølv har eg aldri slutta å verta imponert av dei dyktigaste naturalistane. Ikkje minst potrettmalarane,- der eg er svakast sjølve. Tenk på Carl Sundt-Hansen (1841-1907) sine personskildringar. Dei “gamle” klassikarane var sterke på kvar sitt område. I Bergen Kunstgalleri er eit maleri av Hans Fredrik Gude (1825-1903). Det heiter “Høyfjell”. Eg har fleire gonger besøkt galleriet berre for å stå ei stund framfor dette eine maleriet. Idag hender det at kunstkritikarar rosar eit verk med “at her er det ingen ferdige løsninger”. Eg er ikkje imponert over slikt. Eg tykkjer nettop det er løysningane som er intersante. Sjølvsagt er dette subjektivt. Men eg har og stått framfor maleri av Edvard Munch og fått denne kjensla: A ha- selfølgeleg slik skal det gjerast. Komposisjonen, fargane, lingjene, - ja alt er rett! Det er løysinga som er god. I det siste så har eg vore litt opptatt av den russiske kunstnaren Ivan Sishkin.(1832-1898). Eit besøk i Det Russiske Museum, Petersburg i 2007 gjorde ikkje interessa mindre. Han er skogens malar framfor nokon. Kanskje nokon vil seia at slikt høyrer til ei forgangen tid utan appell til nåtida sine grenseoverskridande modernistar. Eg trur at dei sistnemnde kjem til å verta dei som vert fyrst gløymde. Denne turen i Det Russiske Museum fyllte meg med undring over kvifor alt det franske har fått så stor plass i kunsthistoria. Det er mykje flott kunst frå andre land som aldri blir vist i norske medier.
Det klassiske vil alltid leva. Vi ser og høyrer det over alt. Høyrer vi på radio er det ein kakafoni av lyd i alle genre. Men innimellom høyrer du klassikarane som Mozart og Bethoven. Det er fleire hundre år sidan dei levde. Det same skjer innan målarkunsten. Det figurative naturalistiske maleri vil alltid ha ein plass. Her kan nemleg kunstnaren ikkje “gøyma seg”attom meir og mindre uforståeleg “kunstsvada”, ikledd keisarlege gevantar, men kan kontrollerast av alle. Ja, det er lov å ha si eiga meining.
Ein glytt inn i kroken. Framfor staffeliet

Tel.51 61 63 62- 91 14 93 96
E-mail: oddd30@gmail.com

Sagt:
Maleriet var langt i frå fint, men det var fint langt i frå!
Sagt:
Eleven på malekurset hadde denne kommentaren ved avslutninga.- Eg har mykje å læra endå. Eg kan nemleg fremdeles forstå kva eg har malt.

Kommentarer

Comment fra Erling Harald
Tid: 20.03.08, 00:29

Hei Odd. Vil bare få takke for sist og gratulere med flott web-side. Har sett på alle maleriene. Flott å se at du også hadde med malte trær. Det kan jeg ikke huske å ha sett før, men det så veldig bra ut på dette bildet. Håper vi sees snart, men da under andre omstendigheter. Ha det bra! Hilsen Erling Harald

Comment fra Trine Askedal Hårberg
Tid: 25.04.08, 07:27

Jeg synes læreren på tegnekurset jeg går på har den beste definisjonen av hva som er god kunst: Det handler ikke om stilart el.l., men rett og slett: Er det forglemmelig eller ikke? Får det deg til å stoppe opp, eller er det glemt i neste øyeblikk?

Jeg takker for en bra nettside, og veldig inspirerende bilder. Spesielt de evangeliske motivene får meg til å stoppe opp.

Hilsen Trine

Comment fra Asbjørn Langeland
Tid: 06.09.08, 19:27

Jeg blir så innespirert at jeg har lyst å være med på et kurs.
Så jeg ønsker meg et program når det kommer ut-

Hilsen Asbjørn Langeland

Comment fra Ingrid Lønning Bakke
Tid: 28.10.08, 14:08

Takk for inspirerende bilder.
Vil du sende meg program for sommerkurset på Framnes?

Hjertelig helsing Ingrid

Comment fra Lene
Tid: 26.03.09, 22:07

Hei!
Utrolig flotte bilder du maler!
Ønsker å delta på et av dine kurs. Er det mulig å få tilsendt et kursprogram?

Mvh Lene

Comment fra Grethe Sviggum
Tid: 30.09.09, 21:10

Har sett på alle bildene i “galleriet”. Maler akvarell og skulle gjerne lære litt mere. Har du kurs i det ? evt. når og hvor ? Bor i N. Eiker ved Drammen. Så omtale av diktsamlingen til Reigstad “Himmeltoner” i et blad for sykepleiere og fant din nettadresse. Har hørt om deg, men aldri sett dine bilder før.
Mvh Grethe (80 år)

Comment fra vesla Saurdal
Tid: 23.01.10, 23:03

Dette er helt fantastisk. maler akvareller mest, skulle gjerne gått et eller mange kurs hos deg. håper det lar seg gjøre.
Mvh Vesla.

Comment fra Ragnhild Rødland
Tid: 25.04.10, 14:49

Dettte blir en side jeg kommer tilbake til, her er det mye å lære for en nybegynner i oljemaling. Har gått på kurs for Aud Rye i ca. 20 år, og lært utrolig mye. Hun er jo helt utrolig til å lære bort, et romslig og utrolig menneske. Dine bilder er utrolig flotte. En nytelse for øyet, og denne siden blir en lærebok.
Mvh. Ragnhild.

Comment fra Frank Sivertsen
Tid: 06.04.11, 00:09

Mange flotte bilder på dubland.no. Noe for enhver smak.
Det er tydelig at svigerfar kan mere enn å bygge anneks for barnebarna!

Comment fra Svein Grødeland
Tid: 14.04.13, 05:09

Hei
Har du kurs ennå? Har gått hos Tor Olaf Lunde eit par år, og kjenner på at det kunne vore greitt med litt andre innfallsvinklar.

Helsing
Svein Grødeland

Comment fra Audny Hansen
Tid: 23.02.15, 14:34

er veldig glad i å male.men er ikke så flink,kunne hatt lyst å lære mer,har du kurs så eg kan gå på. er glad for svar.

Hilsen Audny

Comment fra home
Tid: 07.12.16, 22:00

icxybpgmwhxitlworzrkqxkx

Comment fra Unni Glad Roland
Tid: 28.02.17, 09:20

Du store verden så glad jeg blir av å se dine malerier. Det er så godt å se naturalistiske malerier, malerier som har ei mening og viser det vakre og det stemningsfulle. Forstår meg ærlig talt ikke på dette abstrakte, som er mere ; klin på og se hva det blir- malerier. Malerier med farger som skal matche med fargen på sofaen. Nettopp som du skriver, kan det vel sammenlignes med musikk. Det gamle og musiske lever evig.
Takk for at denne flotte hjemmesiden!

Skriv din kommentar





2017Odd Dubland