Main menu:

Søk

Emner

oktober 2017
m ti o to f l
« jun    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Arkiv

Er vi Jesu Kristi etterfylgjarar?

Dei som ikkje vil ha urolege tankar og få opprivne kjensler kan godt la væra å lesa fylgjande artikkel, men her finn du litt å tenkja på. Det som skal skildrast er i to akter med kvar sitt ytterpunkt:

Akt 1.

Vi er i eit fengsel i Romania under kommunisttida. Blant fangane er det ein del kristne som sit der på grunn av si tru. Offisiellt er dei fengsla for samfunnsfiendtleg verksemd. Forholda dei lever under er forferdelege. Dei vert audmjuka og vanæra på det grovaste, under slag, spark, svolt og tørst. Propagandaen er i full sving for å bryta dei ned, både menneskeleg og åndeleg. Særleg framfor dei kristne høgtidene, viser vaktarane stor oppfinnsomhet når det gjeld å vanæra dei som trur på Kristus. Før slik ein påske ber dei kristne saman til Gud om dei kunne sleppa å få makk i maten. Påsken blir forferdeleg. Ein fange døyr i fengslet og vaktarane tek den døde kroppen og hengjer den opp på eit kors. Framfor korset plasserer dei ei tønne med ekskrement. Så blir dei kristne tvinga framfor korset til ein “nattverd” med innhaldet i tønna. Fornedringa var total.

Kunne det vera glede mellom desse kristne?

Alt det vi set pris på hadde dei mist. Jau, ei merkeleg glede. Nemleg at dei fekk del i Kristi vanære og samfunn med hans lidingar. Då eg for mange års sidan høyrde dette fortalt, fekk eg ei kjensle av skam over mitt eige liv. Kor lite eg ber av Jesu Kristi vanære.

Akt 2.

Vi er på eit kristeleg stormøte. Den velkledde flotte predikanten går fram og tilbake på plattforma og talar. Kva talar han om? Om Jesu Kristi kors? Nei, ikkje mykje om det.Talar han om å ta sitt kors opp å fylgja Jesus. Nei, det er lite om det og.Ordet nåde er lite brukt. Talar han om respekt og ærefrykt for den tre gonger heilage Gud. Nei, det er nokså fråverande. Han talar lite om vona, om oppstoda frå dei døde,-om ein ny himmel og ei ny jord. Nei, predikanten er oppteken av at det er her på jorda alt skal bli godt. Alle problem kan løysast, anten det er sjukdom, pengesorger eller å finna ein parkeringsplass i byen. Du må ikkje sei som Job- “at Herren gav, Herren tok, Herrens namn være lova.” Då er du på defensiven. Du må tenkja positivt! Gud vil at du skal ha suksess!!

Eg lurer på kva dette er. Kor er talen om forsoninga i Kristus? Ein ting er eg overtydd om: Den forkynning som set Jesu Kristi kors i skuggen ber villfaring i seg. Alle Guds gåver til oss blir nemleg gitt gjennom korset.Hadde ikkje korset blitt reist- hadde ikkje verda blitt skapt! Kristus er nemleg opphavet til alt Guds skaparverk. Det fins ikkje nåde å få utan gjennom forsoninga.

Men er det ikkje så at Gud vil ta seg av sine. Gir han oss ikkje det vi treng av mat, klede, hus og heim? Jau, i sanning. Han held livet oppe for oss. Men det er det same kor godt me enn har det,- så er vi kalla til å ta korset opp og fylgja Kristus og bæra hans vanære. Vi skal læra å be slik Jesus bad: Ikkje som eg vil-berre som du vil. Dette er lite forkynt både i kyrkje og bedehus

Så kjem det store spørsmålet: Kan korsteologi og herlegdomsteologi sameinast?

Eg kan ikkje sjå det.

Mon ikkje denne herlegdomsteologien kan verka til avkristning av Norge. Det er to grunnar til det. For det fyrste er det mange som opplever så mange vonbrot i åndeleg jakt etter suksess. Dei vart ikkje friske og fekk ikkje dei goder som dei forventa å få.Dei er åndeleg taparar. For det andre er tyngdepunktet flytta frå tillit til Bibelen og over på tillit til opplevingar og kjensler. Då styrer ein etter eit fyrlys som sjølv er i drift!

Til slutt litt attende til Akt1.

Lat oss hugsa på at store deler av brevlitteraturen i Det nye Testamente vart skrivne til kristne som opplevde forfylgjing. Fleire av Paulus sine brev vart skrivne i fengsel der han sat lenkebunden, og noko av det han skreiv var fylgjande:

Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. Kol 3:1fi-fengsel

Kommentarer

Comment fra Bjørg Kapstad
Tid: 02.04.14, 19:08

Det var en alvorlig tale Odd. Vi trenger slik påminning i blant.Vi nærmer oss påske og skal få minnes han som døde for syndere og som kan tilgi våre utallige nederlag, bare vi slipper han til .

Comment fra ????????????????
Tid: 25.08.15, 14:15

Your period, ブラザーコンピュータミシン ps202 ps-202 or ジャノメ セシオ 8600 menstruation, is the 靴 コールハーン ナイキ monthly shedding of マットレスの上に布団 the lining of your uterus when no pregnancy has occurred. The average period lasts four to six day

Comment fra ????? ???? ?????
Tid: 25.08.15, 14:51

Fujairah city itself is juki mo-114d ブログ most emphatically not designed for pedestrians, being dominated by main roads. Thankfully, taxis, which have been completely changed to a new fleet of Nissan Altimas and Toyota Camrys, ミシン Juki エクシード 価格‎ are metered,and start at 3 dirhims during the day (3.50 at night.) are plentiful. Why do some men consider ピエルナ レイ&#

Skriv din kommentar





2017Odd Dubland